Sommarjobb på Folgefonnsenteret
Ledig sommarjobb som omvisar på Skaalurensamlinga, og i den nye kafeen "Verven"
I kafeen på Folgefonnsenteret ser me etter deg som
- er positiv og serviceinnstilt
- kan jobbe frå midten av juni til midten av august
- toler at det kan bli litt hektisk rundt deg
- er over 18 år
Erfaring frå kafé eller servering/matproduksjon er ein fordel.
Send ein kortfatta søknad på epost, eller kom innom og lever den i resepsjonen snarast.
__________________________________________________________________________________
I Skaalurensamlinga trengst engasjerte og kunnskapsrike omvisarar som er interessert i lokalt folkeliv og historie, og
har lyst til å formidle dette vidare. Når det er travelt må omvisarane og hjelpe til i turistinformasjonen.
Omvisarane får løn etter gjeldande tariff med dei reglar og rettar som gjeld. Dei som søkjer må ha fylt 16 år.
Arbeidsperiode:
5. juni – 20. juni: Helger
21. juni – 15. august: Kvar dag
16. august – 3. oktober: Når det trengst
![](https://folgefonnsenteret.no/wp-content/uploads/29392f6f-e232-4662-915d-6830f7b71ca4-e1624629100308-1500x1124.jpg)