Folgefonna nasjonalsparkskule

Vårt undervisningskonsept «Folgefonna nasjonalparkskule» er eit undervisningstilbod til elevar i grunnskulen. Med utgangspunkt i verneformåla til nasjonalparken har naturvegleiar plukka ut aktuelle tema som no kan veljast i vår meny.

Sjølvbetjente aktivitetar

Prøv våre sjølvbetjente aktivitetar som ligg tilgjengeleg for alle på nett. Sjå undervisningsfilmane frå Folgefonna nasjonalparkskule og løys aktivitetsarka. Skriv ut turbingo og bokstavkrøll – og ta det med ut i naturen. Nokre av aktivitetane egnar seg best å gjennomføra på sjølve Folgefonnsenteret

Utstyr til utlån

Driv du med undervisning og/eller formidling i ei eller anna form kan du låne utstyr hjå Besøkssenteret. Vi har bygd opp ein utstyrsbank med spennande undervisningsmateriale.

Folgefonna nasjonalparkskule på nett

Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark. På vår nasjonalparkskule kan du arbeida med saman med klassen din, familien eller aleine – uansett kvar du er i landet. Fordjup deg i spennande tema; som kvifor vatnet smakar salt, om sporlaus ferdsel eller kva rolle vi menneske har i økosystemet.