Aktivitetar

Vinterferie på Folgefonnsenteret: Husmorutstilling

Velkomen til opning av husmorutstilling i Folgefonnsenteret 27. februar!
Utstillinga vert ståande heile vinterferien, og er gratis og open for alle. Vanleg inngangsbillett for utstillinga på Folgefonnsenteret.
Vi stiller ut kjøkkenreiskapar, klede og andre gjenstander frå samlinga i Guddalshuset. Det vert servering i Verven Vaffel, musikk og aktivitetar for dei minste måndag 27. februar kl 13:00. Innlegg ved Sussi Bodin, Astrid Måkestad, Karin Thauland og Aslaug Eik.

Utstillinga vert ståande heile vinterferien, og er gratis og open for alle. Vanleg inngangsbillett for utstillinga på Folgefonnsenteret.

https://folgefonnsenteret.no/wp-content/uploads/bla-foto-samfunn-plakat-2-680x450.jpg

Vinterferie på Folgefonnsenteret: familiedag

Velkommen til familiedag i Folgefonnsenteret tysdag 28. februar. Dagens tema er «blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar». Vi legg opp til fleire sjølvstyrte aktivitetar som passar for born i alle aldrar. Borna må vera i fylgje med ein vaksen. Opplegget er gratis for alle og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og lappar i Verven vaffel.

Program for dagen
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime.
• Lær om blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar.
• Les, teikn og fargelegg i teiknekroken vår.
• Lag ein tova blekksprut.
• Matteoppgåver, sudoku og bingo med tema «dyr i havet».

https://folgefonnsenteret.no/wp-content/uploads/familiedag-i-folgefonnsenteret-680x450.png

Vinterferie på Folgefonnsenteret: Folgefonnsenteret X Kraftlaben

Laurdag 4. mars får vi besøk av Signe frå KraftLaben i Odda.
Signe har med seg fleire kule forsøk om vatn vi skal få bryne oss på. Forsøka er i stor grad sjølvstyrte, noko som betyr at borna må ha fylgje med ein vaksen. Inngang i utstillinga er gratis og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og noko søtt å bita i.

Program
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime
• Gjennomfør ulike forsøk med Signe frå KraftLaben
• Løys rebus om «vatnet sitt kretsløp» i utstillinga vår
• Enkel fiskedam for dei minste
• Teikne- og lesekrok

https://folgefonnsenteret.no/wp-content/uploads/folgefonnsenteret-x-kraftlaben-680x450.png