Kunnskap og opplevingar
BRE – FJORD – VATN – KLIMA I ENDRING
Velkomen inn i naturen!
Folgefonnsenteret
Folgefonna, forsking og framtidsutsikter. Korleis ser eigentleg framtida til Folgefonna ut?
Torsdag 3. november får Folgefonnsenteretto gjestar frå Universitetet i Bergen som begge har forska på Folgefonna. Stipendiat v/Universitetet i Bergen Rebekka Frøystad arbeidar med å modellera korleis Folgefonna vil utvikla seg i framtida og kva dette vil seie for vasskraft i området.
Professor ved Department of Earth Science ved UiB Jostein Bakke kjem etterpå. Han har god kjennskap til Folgefonna gjennom si eiga forsking og publikasjonar. Det vil vera mogleg å kjøpa forfriskingar i Verven Vaffel. Dørene opnar kl 18:00, billett kr 100,-
29. oktober kjem Erle Marie Sørheim for å halde foredrag om karikaturenes historie.
Den eldste karikaturteikninga i verda er rundt 15 000 år gammal. I dag er karikaturen ein trua kunstart – i internasjonal presse ser vi tendens til at satiriske teikningar vert kutta ut. Frykta for kraftige reaksjonar har blitt stor. I boka går Erle Marie Sørheim gjennom historia, frå holemaleria og heilt fram til vår eiga tid, i jakta på karikaturteikninga sin essens. Dette er historia om verdas første satireteikning, om kvifor demokratane har eit esel som symbol – og om korleis det å setja Muhammed-karikaturane på trykk kan vera eit spørsmål om liv og død.
Få med deg arrangementet:
Laurdag 29. oktober kl 12.00, Folgefonnsenteret i Rosendal
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Velkomen!
Arrangør: Human-Etisk Forbund Kvinnherad