Undervisningstilbod

Folgefonnsenteret tilbyr formidling og undervisning knytt til natur- og kulturhistoriske tema. Tilbodet gjeld for barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, lag og organisasjonar, foreiningar – kort sagt er det tilbod til alle, i alle aldrar.

Besøk oss

På Folgefonnsenteret kan du dykke inn i historia om isen, fjorden og folket som lever i landskapet rundt ein av Norges mest særprega brear. Utstillinga tek deg med frå den mektige blåisen til frodige fjordbygder, gjennom film, lydforteljingar og interaktive installasjonar

Folgefonna nasjonalpark

Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna er ein del av Folgefonnsenteret. Vi håpar at eit besøk i Folgefonnsentert vil inspirera deg til å oppleve naturen på Folgefonnhalvøya og komme innom innfallsportar og besøksmål i kommunane rundt nasjonalparken. Velkommen inn i naturen!
www.folgefonna.info

Aktivitetar

Her finn du informasjon om forskarkafé, familiedagar og andre aktivitetar på Folgefonnsenteret.

Om Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret fortel historia om breen, fjorden, vatnet og korleis klimaet endrar seg. Her finn du informasjon om Folgefonna nasjonalpark og kunnskap om naturen rundt Folgefonnhalvøya. Eit godt startpunkt for eit besøk i Folgefonna nasjonalpark.

Rosendalsveko

Med Rosendalsveko samlar vi kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar til idémyldring rundt klima, naturmangfold, energi, næringsutvikling og berekraft.

Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga

Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si «Gjøa». Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 – 1955.