Klimatilpassing – frå kunnskap til handling

Program 2026

Rosendalsveko 2026 går av stabelen 3.– 4. august på Folgefonnsenteret i Rosendal. Sidan 2020 har Rosendalsveko samla forskarar, næringsliv, forvaltning og politikarar til ein unik møteplass for idémyldring om klima, naturmangfald, energi og berekraftig samfunnsutvikling.

Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling», med særleg vekt på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å ta gode val for framtida. Over to dagar får du høyre faglege innlegg frå leiande forskarar og aktørar i næringslivet, og du møter politikarar i fleire aktuelle paneldebattar, mellom anna om naturforvaltning, framtidas havbruk, dyrevelferd, kraftbruk og prioriteringar for grøn omstilling.

Velkomen til to inspirerande dagar i Rosendal, der kunnskap møter handling – og fjord møter fjell.

 

KJØP BILLETT

Praktisk info til deg som skal delta:
Konferansen foregår i telt utenfor Folgefonnsenteret, kle deg etter veret!
Middag måndag er felles for alle påmeldte, den er på Avslgården på Baroniet i Rosendal.

Har du spesielle behov med tanke på diett eller liknande, ta kontakt!

Overnatting:
Rosendal fjordhotell
Rosendal turisthotell
Baroniet Rosendal
Rosendal hyttetun

Programkomiteen: Kerim Hestnes Nisancioglu (UiB/Bjerknes), Jostein Bakke (UiB/Bjerknes), Charlotte G. Krafft (Energiomstilling Vest), Geir Lasse Taranger (HI),
Ingvard Havnen og Una Kolle (Folgefonnsenteret)

Vil du ha oppdateringar på program og annan info om Rosendalsveko?
Meld deg på nyhendebrev her