Folgefonnsenteret fortel historia om breen, fjorden, vatnet og korleis klimaet endrar seg. Her finn du informasjon om Folgefonna nasjonalpark og kunnskap om naturen rundt Folgefonnhalvøya
Er eit interaktivt opplevingsenter i Rosendal ved Hardangerfjorden. Lær om om vatnet si reise på jorda, klimaendringar, naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar.
I den interaktive utstillinga kan du sjå og lære mykje spennande om livet i Hardangerfjorden, om Folgefonna nasjonalpark og om klimaendringane.
Her finn du også informasjon om Folgefonna nasjonalpark, aktivitetar og turar i nasjonalparken, innfallsportar og besøksmål rundt Folgefonnhalvøya.
Folgefonnsenteret har felles billett med Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga, slik at du også kan oppleve historia om trebåtbygginga i området som var på topp frå 1850 – 1950 under besøket. Du kan også få med deg informasjon om dagens maritime næringar i området ved inngangen til museet.
Folgefonnsenteret er ein ideell, sjølveigande institusjon som er skipa av kommunane på Folgefonnhalvøya, (Jondal, Ullensvang, Odda, Etne, Kvinnherad) og Universitetet i Bergen.
Føremålet med stiftinga er å driva Folgefonnsenteret som eit senter for forskingsbasert kunnskapsformidling kring tema knytt til Folgefonna, landskapet og fjordsystema kring Folgefonnhalvøya.
Senteret er fagleg forankra i Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret /UiB og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark.
Una Kolle
tlf: 991 55 425
epost
Hans Inge Myrvold – Kvinnherad – styreleiar
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim – Etne
John Helge Rasmussen – Ullensvang
Roald Aga Haug – Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna
Kikki Kleiven – Bjerknessenteret/Universitetet i Bergen
Nils Gunnar Kvamstø – Havforskningsinstituttet
Ingvard Havnen – Kvinnherad Kommune
Rosendal