Rosendalsveko 9. – 11. august 2021

Med Rosendalsveko ynskjer vi å samla kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar på Vestlandet til idémyldring kring klima, energi og berekraft. I august møtast me i Rosendal for å diskutera utfordringane og moglege løysingar.

Fokus vert på klima og ekstremvêr, nye næringar og grøn vekst, fornybar energiproduksjon og distribusjon, areal under press og berekraftig ressursforvaltning.

Meir info om billettar, deltakarar og program kjem fortløpande.

For meir info, ta kontakt med Folgefonnsenteret på epost
Programkomité: Kerim Hestnes Nisancioglu (Bjerknessenteret), Jostein Bakke (UiB),  Geir Lasse Tananger (Havforskningsintituttet), Una Kolle (Folgefonnsenteret) og Ingvard Havnen (Stiftinga Folgefonnsenteret)