PRESSEMELDING – TILSETJING AV DAGLEG LEIAR

Som tidlegare meddelt innstilte styret i Stiftinga Folgefonnsenteret i sommar Ivar Baste som ny dagleg leiar. Det er no klart at han tiltrer måndag 2. oktober. I første omgang i ei 50 % stilling for 3 år, men planen er at stillinga skal utvidast til heiltidsstilling så snart økonomien tillèt det

Frå same tidspunkt går underteikna over i ei ordinær rolle som styreleiar, og vil ikkje lenger vera arbeidande styreleiar.

Eg gler meg til å starta opp i denne spennande jobben. Det er eit privilegium å få vera med på å utvikla Folgefonnsenteret som eit fyrtårn innan forskingsbasert kunnskapsformidling. Eg har vore heldig å ha hatt kontorfellesskap i lag med institusjonane som har samarbeida om å realisera senteret, og eg er mektig imponert over kva ein alt har oppnådd gjennom dette unike samarbeidet, seier Ivar Baste, den påtroppande daglege leiaren i Folgefonnsenteret.

Ivar Baste (57) har hovudfag i biologi frå Universitet i Trondheim. Han har lang erfaring som leiar, mellom anna som avdelingsdirektør i Miljødepartementet, utgreiingssjef i FN sitt miljøprogram (UNEP) i Nairobi og direktør for det interne miljøsamarbeidet i FN (EMG) i Genève. Han har sidan 2013 arbeidd frå Rosendal som styremedlem for vestgruppe-landa i det internasjonale Naturpanelet (IPBES), og har her arbeidd med å utgreia kunnskapen om mangfaldet av livet på kloden (biomangfald) og korleis det bidreg til menneska. Han vil intill vidare halda fram med dette styrevervet.

Det å få på plass ein dagleg leiar er svært viktig for det vidare arbeidet vårt, og tilsetjinga representerer såleis ein svært viktig milepåle for Stiftinga Folgefonnsenteret. Det er sjølvsagt ekstra hyggjeleg at vi får inn ein tungvektar og internasjonal kapasitet som Ivar Baste i stillinga, seier Knut Førland, styreleiar i Stiftinga Folgefonnsenteret.

Ved behov for ytterlegare/utfyllande opplysningar kan underteikna kontaktast på mobiltlf: 918 41 001 eller Ivar Baste på mobiltlf: 476 85 529.   

 

Med venleg helsing

for Stiftinga Folgefonnsenteret

Knut Førland, arbeidande styreleiar