Ekstremvær og endringane vi ser i klimaet

Foredrag på Folgefonnsenteret v/Eli Kari Gjengedal

Vi har i det siste opplevd ekstremvær fleire stader i verda, også i Norge (Utvik). Desse hendingane er ei påminning om endringane som skjer i klimaet, og som mange stader har hatt og vil få alvorlege følgjer. Været dei neste hundre åra vil bli mildare, våtare og villare, i følgje værmelder og TV 2 sin værsjef Eli Kari Gjengedal.

I samband med at Folgefonnsenteret har inngått eit spanande samarbeid med TV 2 Skole og Storm Geo, er vi så heldige å få besøk av Eli Kari Gjengedal måndag 2. oktober. Ho avsluttar dagen på Folgefonnsenteret med eit foredrag kl. 18.00 med tittelen «Ekstremvær og endringane vi ser i klimaet». Ho vil også sjølvsagt seia litt om samarbeidet som er innleia med Folgefonnsenteret, og kva ein kan få ut av dette.

Som vår mest kjente og profilerte værmeldar treng vel eigentleg ikkje Eli Kari Gjengedal nokon omtale. Det som kanskje ikkje alle kjenner til er at ho har skrive fleire bøker om vær og vatn, og desse vil framover vera mogleg å få kjøpt på Folgefonnsenteret.