Besøkssenteret

Her får du informasjon om den spennande geologien og plante- og dyrelivet som Folgefonna og traktene rundt har å by på. Du vil læra om korleis klimaet har påverka Folgefonna og landskapet rundt. Og så vil du høyra spennande historiar om livet nedi Hardangerfjorden.

I kinosalen visar vi Drama i berg er eit fascinerande 20-minuttars biletspel produsert av Randi Storås, med bilete frå nokre av dei dyktigaste naturfotografane på Vestlandet. Eit anna biletspel, Fjordens liv, gir innsikt i fjordane sitt unike økosystem og spennande skapningar som finst i Hardangerfjorden.

Nasjonalparkstasjonen i utstillinga har og informasjon om alle dei 44 nasjonalparkane i Noreg. Same kva årstid du kjem her, er det mykje å utforska.

Innfallsportar og besøksmål

I dei 5 kommunane rundt Folgefonna har vi 5 innfallsportar der du kan få informasjon om nasjonalparken. Vi har også plukka ut ein del besøksmål rundt Folgefonna som vi anbefalar deg å besøkje.

Sidan Folgefonna nasjonalpark vart opna i 2005 har vi i Rosendal hatt nasjonalparksenter / besøkssenter ope i sommarsesongen. I 2017 opnar Folgefonnsenteret, som famnar om fleire fagområde enn tidlegare. Utstillinga i Folgefonnsenteret er laga i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark.

 

Fjellrype 3
Fjellrype, foto Jens Ripel

På senteret finn du òg turistinformasjonen og Skaalurensamlinga skipsbyggjarmuseum. Visste du at«Gjøa», polarskuta til Roald Amundsen, var det første skipet som segla gjennom Nordvestpassasjen – og at det vart bygd i Rosendal?

 

Steinparken i Rosendal

Når du har besøkt senteret og kanskje sett biletspelet «Drama i Berg» anbefalar vi eit besøk i Steinparken i Rosendal eller ein av dei andre steinutstillingane rundt Folgefonna, på Nå, Rullestad eller Langfoss.

Thulitt Steinparken Rosendal
Thulitt Steinparken Rosendal

Aktivitetar

Turstiar i Kvinnherad
Breføring over Folgefonna
Bre- og kajakktur på Møsevatnet
Rideturar i fjellet ved Åkra
Fonnabu
Holmaskjer
Breidablikk

Kontakt

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Telefon: +47 53 48 42 80

Epost: epost@folgefonna.info

www.folgefonna.info

Nyttig informasjon

 

Opningstider 2018:

15. januar – 28. februar 
mån-fre 10.30-14.30

1. mars – 24. mai          
mån-laur 10.30-14.30
* Ope Palmesøndag og 1. påskedag

25. mai – 2. sept               
kvar dag 10.00-18.00

3. september – 31. oktober 
mån-laur 10.30-14.30

1. november – 15. desember
mån-fre 10.30-14.30

 

Ope for grupper etter avtale heile året

Steinparken i Rosendal

Om du verkeleg ynskjer innblikk i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring, bør du vitje Steinparken i Rosendal. Han ligg berre ti minuttars gang frå hamna og sentrum i fjordbygda. Når du vandrar dei vakre stiane og ser på dei utstilte steinane, ser du så langt som 2,5 milliardar år bakover i tid.

Malmanger prestegard

Malmanger gard har ei historie som går langt attende i tid, kanskje meir enn tusen år. I tunet på prestegarden er det åtte freda bygningar frå ulike tidsbolkar. Den gamle Røykstova på Malmanger vart bygd før 1625 og er den eldste bygningen på tunet.

Geostien i Mauranger

Langs Geostien, som går frå Nordrepollen til Botnabreen, kan du sjå mange teikn på det fascinerande samspelet mellom is og berg. Ei vandring frå pollen inst i Maurangsfjorden og opp til brekanten vil gje deg ei auka forståing av korleis landskapa i Folgefonna nasjonalpark vart forma.

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.