For turistar har brefallet Bondhusbrea vore ein magnet sidan midten av 1800-talet. Det er berre å følgja Isvegen frå kaien i Sundal, som vart bygd i 1863 – ikkje for turistane, men for å frakta is med hest og kjerre ned til fjorden. Derifrå vart isen skipa til by og bygd langs kysten, og eksportert til utlandet.

Turen er slett ikkje krevjande – grusvegen opp til Bondhusvatnet kan nyttast både med barnevogn og rullestol. Derimot treng du gode støvlar om du vil følgja stien til inste enden av vatnet. Turen att og fram til Bondhusvatnet tek to timar, medan du må rekna med i alt tre timar til andre enden av vatnet, tur-retur.

Den dramatiske naturen i Bondhusdalen vart vald som scene då dronning Sonja opna Folgefonna nasjonalpark i 2005. Du kan sjå dronninga sitt namnetrekk på ein stein ved Bondhusvatnet.

Om du vil oppleva Bondhusdalen i lag med fleire, kan du melda deg på ein guida tur. Då får du nok også høyra nokre utrulege forteljingar og fleire fascinerande fakta.

Bondhusdalen, foto Jan Rabben

Sikker ferdsel og naturfare

Isbrear er alltid i rørsle og det kan rase store isblokker frå den utan forvarsel. Hold alltid god avstand frå brefronten! Nå at klimaet blir varmare trekker isbreen seg tilbake. Berre de siste 10 årene har Bondhusbreen smelta tilbake så mye som 320 meter. Dette medfører endringar i vassdrag.

Varsel om ny bresjø og potensiell fare for flaumbølgje og oversvømming

I mai 2026 har det danna seg ein bresjø demd opp av Bondhusbreen i omlag 1350 meters høgde. Det er ein risiko for at vatnet kan tappa seg plutseleg – eit såkalla jøkullaup. Tappinga av bresjøen kan medføra rask auke i vassføring og endring av elveløp, som kan skapa farlege situasjonar i området langs elva som kjem frå Bondhusbrea og munnar ut i Bondhusvatnet.

Av omsyn til tryggleiken til deg sjølv og andre ber vi alle besøkjande:

  • Unngå opphald i det skraverte området på kartet
  • Følg skilting og eventuelle avsperringar
Unngå området i inste enden av Bondhusvatnet og langs elva opp til Bondhusbreen der det kan kome plutselege vassmengder.

Aktivitetar

Tursti til Bondhusvatnet og Bondhusbrea
Tursti til Fonnabu
Breføring over Folgefonna
Holmaskjer
Breidablikk
Vårskitur over Folgefonna

Turistvegen over Folgefonna

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som flokka til Fjord-Norge frå midten av 1800-talet. Turen går frå Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er ei av fleire Historiske vandreruter.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.