Velkommen til Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark, som er ein del av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. Senteret opnar offisielt 2. mai 2017. Eit besøk i senteret før du tek turen inn i naturen er ein god idé. Her kan du sjå ei spennande utstilling, og læra om naturmangfaldet i nasjonalparken
Her får du informasjon om den spennande geologien og plante- og dyrelivet som Folgefonna og traktene rundt har å by på. Du vil læra om korleis klimaet har påverka Folgefonna og landskapet rundt. Og så vil du høyra spennande historiar om livet nedi Hardangerfjorden.
I kinosalen visar vi Drama i berg er eit fascinerande 20-minuttars biletspel produsert av Randi Storås, med bilete frå nokre av dei dyktigaste naturfotografane på Vestlandet. Eit anna biletspel, Fjordens liv, gir innsikt i fjordane sitt unike økosystem og spennande skapningar som finst i Hardangerfjorden.
Nasjonalparkstasjonen i utstillinga har og informasjon om alle dei 44 nasjonalparkane i Noreg. Same kva årstid du kjem her, er det mykje å utforska.
I dei 5 kommunane rundt Folgefonna har vi 5 innfallsportar der du kan få informasjon om nasjonalparken. Vi har også plukka ut ein del besøksmål rundt Folgefonna som vi anbefalar deg å besøkje.
Sidan Folgefonna nasjonalpark vart opna i 2005 har vi i Rosendal hatt nasjonalparksenter / besøkssenter ope i sommarsesongen. I 2017 opnar Folgefonnsenteret, som famnar om fleire fagområde enn tidlegare. Utstillinga i Folgefonnsenteret er laga i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark.
På senteret finn du òg turistinformasjonen og Skaalurensamlinga skipsbyggjarmuseum. Visste du at«Gjøa», polarskuta til Roald Amundsen, var det første skipet som segla gjennom Nordvestpassasjen – og at det vart bygd i Rosendal?
Når du har besøkt senteret og kanskje sett biletspelet «Drama i Berg» anbefalar vi eit besøk i Steinparken i Rosendal eller ein av dei andre steinutstillingane rundt Folgefonna, på Nå, Rullestad eller Langfoss.
Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark
Telefon: +47 53 48 42 80
Epost: epost@folgefonna.info
15. januar – 28. februar
mån-fre 10.30-14.30
1. mars – 24. mai
mån-laur 10.30-14.30
* Ope Palmesøndag og 1. påskedag
25. mai – 2. sept
kvar dag 10.00-18.00
3. september – 31. oktober
mån-laur 10.30-14.30
1. november – 15. desember
mån-fre 10.30-14.30
Ope for grupper etter avtale heile året