Foredrag: Hav er meir enn vatn – 1. februar

Vatnet er alltid på reise, i ein evig syklus mellom hav, atmosfære, brear, innsjøar og grunnvatn. Sola er motoren i syklusen, og når temperaturen endrar seg, endrar syklusen seg, klimaet endrar seg og livsvilkåra for livet i havet og på landjorda endrar seg.

Havforskingsinstituttet med sine 1000 tilsette er eit tyngdepunkt for kunnskap om dei store prosessane som styrer livet i havet og i kystsona, og den betydninga det har for det øvrige livet på Jorda. Dei store havområda held på løyndomar og skattkister vi no er på veg for å oppdaga. I dette føredraget vil Øystein Skaala henta fram nokre små historiar om store prosessar som eit 30 tals kollegar ved Havforskingsinstituttet har tilrettelagt for utstillinga i Folgefonnsenteret.

Foredraget vert i Folgefonnsenteret, 1. februar kl. 19.00

Billett får du HER

Senteret er ope frå kl. 18.30 om du vil sjå i utstillingane før foredraget.

Urticina eques – foto Erling Svendsen