Ope møte Havforsuring – ei ny utfordring for Kvinnheradsfjorden?
Folgefonnsenteret, Rosendal 19. september kl. 18:00-19:30
Fri inngang – enkel servering
Vestlandsforsking og NIVA inviterer til ope møte!
Menneskeskapte utslepp gjer at det no er meir CO2 i atmosfæren enn på 800.000 år. Klimaendringane er eit resultat av desse utsleppa. Men livsvilkåra i havet er òg i ferd med å endre seg dramatisk grunna auka tilførsle av CO2. Forskingsprosjektet ”Adapting Coastal Zone Management to Ocean Acidification” (ACIDCOAST) ser på korleis kystsoneforvaltninga og andre brukarar av kystsona kan tilpasse seg den forventa havforsuringa. Prosjektet er drive av Vestlandsforsking, NIVA, Nordlandsforsking og Nord Universitet i samarbeid med Kystklimasenteret, Nordland fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune. Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd.
• Resultat av målingar i Kvinnheradsfjorden
• Scenario for framtidig utvikling og følgjer for natur og næring
• Kva kan vi gjere?
Diskusjon om konsekvensar, utfordringar og mogelegheiter
Innleiarar: Richard Bellerby (NIVA) og Halvor Dannevig (Vestlandsforsking)