Vinterferie på Folgefonnsenteret: Folgefonnsenteret X Kraftlaben

Laurdag 4. mars får vi besøk av Signe frå KraftLaben i Odda.
Signe har med seg fleire kule forsøk om vatn vi skal få bryne oss på. Forsøka er i stor grad sjølvstyrte, noko som betyr at borna må ha fylgje med ein vaksen. Inngang i utstillinga er gratis og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og noko søtt å bita i.

Program
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime
• Gjennomfør ulike forsøk med Signe frå KraftLaben
• Løys rebus om «vatnet sitt kretsløp» i utstillinga vår
• Enkel fiskedam for dei minste
• Teikne- og lesekrok