PRESSEMELDING – BESØKSTAL FOLGEFONNSENTERET

Folgefonnsenteret har fått ein god start, og i perioden 2. mai og fram til og med 31. juli har 4.336 løyst billett. Tar vi med dei rundt 400 som var innom senteret på opningsdagen, har nærare 5.000 vore innom senteret sidan opninga i mai.

Starten på august har også vore svært god og i denne månaden er det booka inn fleire store grupper. Mellom anna skal NCE Marine CleanTech ha ei stor mottaking på Folgefonnsenteret 24. august i samband med eit 2-dagars arrangement i Rosendal der Smart & Grøn vekst står på dagsorden. Både Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger har også grupper som skal innom Folgefonnsenteret i løpet av august.

Mange skular har meddelt at dei kjem til å bruke Folgefonnsenteret aktivt i undervisninga, og blant desse er Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen, ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen er såkalla «Universitetsskule» og har spesiell fokus på teknologi, innovasjon, forsking og ei berekraftig utvikling. Leiargruppa ved skulen var i går i Rosendal for å drøfta det vidare samarbeidet med Folgefonnsenteret.

– Til å vera eit heilt nytt senter er vi nøgde med besøkstala så langt, og spesielt juli var ein svært god månad med nesten 2.000 besøkjande. Om vi klarar budsjettet på 15.000 besøkjande første året skal nok halda hardt, men neste år bør dette vera eit realistisk mål, seier Knut Førland, arbeidande styreleiar i Stiftinga Folgefonnsenteret. Tilbakemeldingane frå besøkjande har meir eller mindre utelukkande vore positive, og det tar vi som eit prov på at innhaldsaktørane og fagfolka som står bak utstillingane har treft blinken. Ei viktig oppgåve framover vert å sikra eit godt aktivitetsnivå i senteret utanom turistsesongen slik at besøkstala held seg høge utover hausten og vinteren, seier Førland.

Ved behov for ytterlegare/utfyllande opplysningar kan underteikna kontaktast på mobiltlf.: 918 41 001.

 

Med venleg helsing

for Stiftinga Folgefonnsenteret

Knut Førland

Arbeidande styreleiar