Ny dagleg leiar ved Folgefonnsenteret

Styret i stiftinga Folgefonnsenteret har gleda av å kunngjera at tilsettingsprosessen av ny dagleg leiar er fullført, og ny dagleg leiar er no tilsett.

Det var totalt 10 søkjarar til stillinga, og det har vore gjennomført 2 rundar med intervju.

Etter 1. intervjurunde var det 3 kandidater som kom vidare i prosessen. På eit tidspunkt ynskte styret invitere 2 kandidater til, i denne runden.

Alle kandidatane som var inne til sluttintervju gjorde ein særs god figur, og var godt eigna på ulike måtar for stillinga.

Denne rekrutteringsprosessen syner at attraktive stillingar i kommunen vår, freistar mange personar til å søkje. Like fullt skapte utlysinga engasjement frå kandidatar frå heile landet. Det er difor ei glede for meg i dag annonsere at Una Kolle har takka ja, og er tilsett som ny dagleg leiar for Folgefonnsenteret. Ho tiltrer i stillinga 14. april. Kolle er 41 år, og busett i Herøysundet. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar og innehaver av Rein hudpleie.

Kolle har mangfaldig bakgrunn, då ho har hatt ulike roller i organisasjonslivet der ho er mest kjent for arbeidet som styreleiar for Festidalen. I tillegg har Kolle hatt mangeårig ansvar for Bondens marknad i Bergen, der ho har hatt ansvar for planlegging og gjennomføring av desse arrangementa. Ho har vore gründer og sjølvstendig næringsdrivande gjennom foretaka Isrosa og Rein hudpleie. Sistnemnde er selskapet ho driv i dag, og ho er tydeleg på at selskapet og utsalet i Rosendal skal halde fram med nye krefter.
Av utdanning har Kolle bachelor i historie og kulturfag med spesialisering i arkeologi, med vidareutanning innan marknadsføring og er agronom i økologisk landbruk.

Dette syner at me har fått ein kandidat som har mangfaldig bakgrunn og erfaring. Og ikkje minst er ho veldig motivert for arbeidet med å skapa større merksemd, engasjement og resultat for Folgefonnsenteret. Styret i stiftinga gler seg med og over at Kolle no tiltrer om kort tid.

Rosendal 30.03.2020

For styret i stiftinga Folgefonnsenteret

Hans Inge Myrvold

Styreleiar