Geologiseminar og utstillingsopning
Velkommen til utstillingsopning og geoseminar i Folgefonnsenteret fredag 21. april.
For mange år sidan vart det kjøpt inn ei stor mineralsamling for «nasjonalparksenteret» i Rosendal. Noko av materiale er allereie utstilt i Folgefonnsenteret, medan resten no skal lyftast fram i lyset igjen. Mineralutstillinga blir ståande framme til midten av mai, før vi skal planleggja for ei permanent løysing. I samband med utstillingsopning blir det halde eit geologiseminar i samarbeid med Brynjar Stautland, dagleg leiar i Geopark Sunnhordland.
Program for kvelden:
• Opning av mineralutstilling
• «Geopark Sunnhordland og UNESCO-status» ved dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland.
• Føredrag om «Vårt istidslandskap» ved professor emeritus, John Inge Svendsen, Institutt for Geovitenskap (UIB).
• «Vokte sjøen – forsvare landet. Vetar og forsvarsordningar i Hardanger i viktingtida og tidleg middelalder» ved førsteamanuensis i arkeologi, Marie Kjærnet Ødegaard (UIS).
• Det blir lagt opp til pausar undervegs og mogelegheit for å handle i Verven vaffel.
OBS! Vi treng førehandspåmelding til arrangementet då det er begrensa med plassar. For å tinga plass kan du kjøpe billett i Kvinnherad turistinformasjon eller ved å melda deg på til Sara på SMS 936 32 292. Det kostar 150,- å delta.