Vinterferie på Folgefonnsenteret: Familiedag

Velkommen til familiedag i Folgefonnsenteret tysdag 28. februar. Dagens tema er «blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar». Vi legg opp til fleire sjølvstyrte aktivitetar som passar for born i alle aldrar. Borna må vera i fylgje med ein vaksen. Opplegget er gratis for alle og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og lappar i Verven vaffel.

Program for dagen
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime.
• Lær om blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar.
• Les, teikn og fargelegg i teiknekroken vår.
• Lag ein tova blekksprut.
• Matteoppgåver, sudoku og bingo med tema «dyr i havet».