Foredrag med Kikki Kleiven «Havstrømmenes hemmeligheter»

Kvinnherad senioruniversitet inviterer til spennande foredrag i Rosendal samfunnshus, 14. september kl. 11.00
Tema: «Havstrømmenes hemmeligheter – På jakt etter Eirik den Raudes badevannstemperatur»

Kikki Kleiven er ein av forskarane som har bidrege til utstillinga i Folgefonnsenteret.
Ho er klimaforskar og klimaformidler frå Universitetet i Bergen. Hennar fulle namn er Helga (Kikki) Flesche Kleiven og ho har ein doktorgrad i maringeologi. Ho er førsteamanuensis i geologi og er også tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking, og har både utdanning og doktorgrad frå UiB.
 
Når Kikki snakkar til «folket», handlar det om klimavitskap.
Hennar velformulerte, grundige argument når fram til journalister, politikarar, lærarar og studentar. Jordas dramatiske klimahistorie
blir synlig og meir begripelig gjennom forteljingane til den
engasjerte bergensaren. Ho har halde foredrag i fleire senioruniversitet mellom anna om: «Havstrømmenes
hemmeligheter: På jakt etter Eirik den Raudes badevannstemperatur»
 
Kvart år held ho mellom 30 og 60 populærvitskaplege føredrag, til alt frå elevar til politikarar på internasjonalt nivå.
8. mars 2017 fekk Kikki Kleiven Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling.
– Det tyder så enormt mykje, eg vart berre kjempeglad og stolt. Særleg over at det er mitt eige miljø som har nominert meg, seier Kleiven.
I grunngjevinga for prisen vert ho skildra slik:
«Vinneren av årets Meltzerpris er kjent for å være en effektiv
formidler som bruker en rekke ulike medier i sin formidling; TV, radio, aviser, blogger, kronikker, bøker og foredrag. Kandidatens aktive profil på sosiale medier gjør at hun tjener som en foregangskvinne for hvordan disse plattformene kan brukes til
faglig formidling.»
 
Inngang: kr. 100,-/150,-