Maritime dagar i Folgefonnsenteret

Det vert to kjekke arrangement i Folgefonnsenteret no framover:
6. september: Foredrag om Restaureringa av Hardangerjakta Gjøa
16. september: Skutedag i Skålafjæro - 140-års feiring for Galeasen Loyal

Restaureringa av Hardangerjakta Gjøa
Onsdag 6. september kl. 18.00 kjem Morten Hesthammar frå Hardanger
fartøyvernsenter til Skipsbyggjarmuseet/Folgefonnsenteret og vil fortelja om restaureringa av Hardangerjakta Gjøa.

Skutedag i Skålafjæro – 140-års feiring for Galeasen Loyal
Laurdag 16. september

PROGRAM FOR DAGEN

11.00 Opning v/ Knut E Skåla, Gurine, og Stein Arve Olsen, Loyal , på kaien ved Folgefonnsenteret.

Musikk ved musikklaget B-gjengen

11.00 – 14.00 Matsal på kaien ved Folgefonnsenteret
v/ Spiskammerset, Sundepølsa, Baketunet og Rosendal Rideklubb
————————–——–
11.30 – 13.00 Program i Folgefonnsenteret og Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga
Inngang kr. 100,-
 Audun Hausberg fortel om historien til Galeasen Loyal, som no i september fyller 140 år
 Knut E Skåla fortel om Gurine og Gurineprosjektet
 Biletspel og omvising i skipsbyggjarmuseet
 Inngang til utstillingane i Folgefonnsenteret (ope til kl. 15)
————————–———–

12.00 – 14.00 For store og små:
 Lær deg gode knutar og stikk
 Konkurranse: kven slår 5 halvstikk fortast?
 Lag di eiga skute
 Prøv å padla kajakk

14.00 Overlevering av gåve frå Audun Hausberg til Gurine

14.00 – 16.00 Galeasen Loyal har open båt

14.00 Sjanti ved Håkon Vatle. Bli med og syng!
Song ved «Rustne herrer» om bord i Loyal

13.00 – 16.00 Open dag på vervaplassen til Gurine ved Rosendalstunet

14.00 – 16.00 Sagedag på Vangssago – sjå saga i drift

21.00 Dansegalla i Rosendal samfunnshus med Aristocats

Vi håpar på besøk av fleire skuter denne dagen.
Velkommen til ein maritim dag i Skålafjæro!

https://www.facebook.com/events/1565922910096300/