Har du lyst å gå på brevandring?
Padle kajakk på fjorden eller eit isvatn?
Kanskje har du lyst å gå på ein tursti til den høgaste nut?
Her kan du bli med på kjekke aktivitetar med eller uten guide.
Start frå Sundal eller Odda
Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som kom til fjord-Norge frå midten av 1800-tallet.
Jondal
Blue ice hike in Juklavass Glacier starts daily, 7 days a week from Mid June until September. Diffrent levels, from easy hiking to challanging ice climbimg, fits everyone between 7-80 years old in normal conditions.
Start frå parkeringsplass Sundal
Vegen til Bondhusvatnet (190 moh) vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg.
Start frå parkeringsplass Buer, Odda
Tursti til Buarbreane, det vil sei Øvre Buarbrea og Nedre Buarbrea, to brearmer på austsida av Folgefonna og som strekkjer seg ned mot Buardalen.
Start frå Sundal eller Odda
Folgefonni Breførarlag har fast breføring mellom DNT-hyttene Fonnabu og Holmaskjer nokre veker om sommaren. Det er vanleg å legge inn ei overnatting om ein skal gå heile turen mellom Sundal og Odda.
Jondal
Har du stått på ski på ein isbre før? Skiheisen er montert direkte på isbreen og vert justert gjennom hele året ettersom heisen følgjer rørslene i isbreen. Det 1200 meter lange skitrekket har en høgdeskilnad på ca 270 meter.
Start frå Rosendal
Full-day adventure including safety introduction, kayaking and blue ice trip. All necessary equipment including dry-suit and all glacier equipment. Duration app. 6-8 hours.
Start frå Kletta, Rosendal
Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant hordalandsfjella”. Her har du storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna. Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913.
Start frå Reisæter eller Botsvatn
Truleg heilt frå slutten av 1200-talet og fram til 1941 vart det ført buskap opp Reisæterlia, over høgfjellet og ned til dei gode beita i Dravladal og ved Botsvatn øvst i Krossdalen i Jondal.
Langfoss, Åkrafjorden i Etne
Stien opp Langfoss startar like ved fossen. På toppen av fossen får du ei utruleg oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden ligg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige Folgefonna i bakgrunnen.
Start frå Ænes kyrkje
Ein fottur i Ænesdalen passar for dei fleste. Ved Hølen, der vegen går nær elva, kan ein studera dei spesielle Meandersvingane på den stilleflytande elva. Ænesdalen har ei av dei største hjortestammene i landet og elles eit rikt fugle- og dyreliv.
Start frå Åkrafjordtunet
Opplev vakre Åkrafjorden med eit Fjordcruise med MS Stein Viking. Her får du den beste utsikten til Åkrafjorden sine mange attraksjonar. Kontrastane er store frå veglause gardar til nakne fjellvegger og frodig kulturlandskap.
Herand
Kulturstien er ein del av ei tilrettelagt for ei kulturvandring gjennom bygda Herand. Langs stien finn ein eit rikt planteliv, spanande geologi, kulturhistorie, og ein storslagen utsikt over fjorden og bygda. I tillegg får ein fin mosjon ved å ta turen gjennom lett, kuppert terreng.
Vi inviterer deg til tur i flott terreng, camping, klatring og vandring på breen. Sjølv midt på sommaren kan du nyte skiløyper eller rase nedover fjellet på snøbrett! Fjordane kring halvøya freistar til fiske, padling, seglsport, båtturar og bading.
Men du treng ikkje sveitte for å ha det gøy. Du kan vandre kulturstiar i ditt eige tempo, utforske kulturminne eller rusle gjennom Steinparken i Rosendal. Eller kanskje du heller ynskjer å leige sykkel og ta deg fram på to jul på vegane langs fjorden.
Her er ei liste med aktivitetar vi kan anbefale i og rundt Folgefonna Nasjonalpark – med profesjonelle aktørar som byr på ulike opplevingar, og eit sommarskisenter som ligg på sjølve breen.
Ta kontakt med Besøkssenteret, turistinformasjonen eller innfallsportane til Folgefonna. Der får du turkart, nyttige råd og informasjon om tilbod om aktivitetar frå profesjonelle aktørar.
Pilegrimsturen 2015, © Anne Karin Stormyr