Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.
Pilegrimane gjekk over fjellet frå Jondal og til Sørfjorden på ferda til det undergjerande krusifikset i Røldal kyrkje. Segna seier at krusifikset vart funne av ein blind fiskar som tørkar sveitten av panna og fekk synet attende.
Truleg frå 1200-talet – dokumentert frå 1592 – og fram til 1941 vart det ført kyr og hestar på Buførevegen over fjellet til dei gode beita ved Botsvatn. Der vart det støla om somrane fram til 1958. Stølshusa er no til fritidsbruk.
Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande innanfor Folgefonna Nasjonalpark i Reiseterlia, og begge stiane er automatisk freda kulturminne. Pilegrimsvegen er merka; i Reiseterlia er stien steinsett og det er varda frå Reiseteregget over fjellet til høgda over Botsvatn. Steinsetjinga av stien og vardinga er utført av dyktige sherpaer frå Nepal.
Det ligg vel til rette for fine turar frå Reiseter (300 moh.) opp lia til Egget (1187 moh.) og kanskje vidare over til Botsvatn – i alt 19 km med høgaste punkt ca. 1422 moh. Vandring i vakker natur, i strålande utsikt og på ein godt tilrettelagt sti ventar på deg. Ver merksam på at turen frå Reiseteregget over fjellet til Botsvatn (667moh) er krevjande i dårleg ver. Jondal Sokneråd skipar årlege pilegrimsvandringar frå Krossdalen i Jondal over til Reiseter
HER TEK VI HISTORISK TEKST og så dei praktiske turskildringane i dei neste rutene.
Gamalt bilete frå Buførevegen mellom Reisæter og Botsvatn