Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si «Gjøa». Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 – 1955.
Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing.
Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si «Gjøa». Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 – 1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei trefarty av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar og kutterar. Samlinga inneheld teikneutstyr, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna som høyrde til på verftet.
I opningstida til museet er det også i dag sal av kaffi, vatn, Isrosa-is og snop.
Er du interessert i båtbyggjing kan det også vera av interesse å besøkje verven der Galeasen Gurine vert restaurert. Les meir på www.gurine.no
Det er Kvinnherad kommune som driv museet i dag.
15. juni – 23. juni: Laurdag og Sundag 10.00-18.00
24. juni – 18. august: Dagleg 10.00-18.00
Skipsbyggjarmuseet ligg i Folgefonnsenteret, med felles inngangsbillett.
Elles ope etter avtale.
Ta kontakt med Kvinnherad kommune, kulturkontoret: tlf: 53 48 31 00