Prøv våre sjølvbetjente aktivitetar som ligg tilgjengeleg på nett for alle. Sjå undervisningsfilmane frå Folgefonna nasjonalparkskule og løys aktivitetsarka. Skriv ut turbingo og bokstavkrøll – og ta det med på tur. Visste du at du kan finne digitale turguidar på appen TeachOUT?
Last ned Folgefonnsenteret sin heilt eigne turbingo. Dei fire bingoarka er delt inn etter årstidene; vår, sommar, haust og vinter. Skriv ut arket og set kryss etter kvart som du har løyst oppgåvene. Nokre oppgåver legg opp til fri fantasi, så her er det om å gjere og vere kreativ. Kan du telle tre ulike fuglar på vinteren og klarar du å finne tre ulike lauvtre? Lykke til!
Vårbingo
Sommarbingo
Haustbingo
Vinterbingo


Last ned applikasjonen «TeachOUT” til din mobil og bli med Hans Bertin på tur. I appen ligg det tilgjengeleg fem guida turar på Folgefonnhalvøya. Kan vi freiste med ein tur til Myrdalsvatnet, rundt Hattebergsfossen eller til Jondal? Det er heilt gratis å både laste ned applikasjonen og turguiden. Etter nedlasting må du søkje på «Folgefonna nasjonalpark». Eit lurt triks er å laste ned turen på førehand, slik at du slepp å bruke mobildata undervegs. Vi har laga turguidar for desse rutene på Folgefonnhalvøya:
«TeachOUT»
Hjelp! Bokstavane har blitt stokka om. Klarar du å stave dei rett? Orda som må rettast på er delt inn i fire tema; klima, insekt, fjord og dyr. Du kan kan laste ned PDF-fila, skrive ut og løyse oppgåvene heime. Lykke til!
Last ned: Bokstavkrøll


Folgefonnsenteret har ein liten utstyrsbank med undervisningsmateriale til utlån. Utstyret kan bookast direkte hjå naturvegleiar, og lånast etter avtale. Til saman har vi fem temakassar med ulikt innhald. Kanskje vil du låne viltkamera og undersøkja kva dyr som bur i skulen sitt nærområde? Eller kva med mikroskop for å studera bladverk, væsker eller insekt? Les om innhaldet i temakassane her:
Undervisningsmateriell til utlån ved Folgefonnsenteret