Maritime dagar i Folgefonnsenteret
Det vert to kjekke arrangement i Folgefonnsenteret no framover:
6. september: Foredrag om Restaureringa av Hardangerjakta Gjøa
16. september: Skutedag i Skålafjæro - 140-års feiring for Galeasen Loyal
Restaureringa av Hardangerjakta Gjøa
Onsdag 6. september kl. 18.00 kjem Morten Hesthammar frå Hardanger
fartøyvernsenter til Skipsbyggjarmuseet/Folgefonnsenteret og vil fortelja om restaureringa av Hardangerjakta Gjøa.
Skutedag i Skålafjæro – 140-års feiring for Galeasen Loyal
Laurdag 16. september
PROGRAM FOR DAGEN
11.00 Opning v/ Knut E Skåla, Gurine, og Stein Arve Olsen, Loyal , på kaien ved Folgefonnsenteret.
Musikk ved musikklaget B-gjengen
11.00 – 14.00 Matsal på kaien ved Folgefonnsenteret
v/ Spiskammerset, Sundepølsa, Baketunet og Rosendal Rideklubb
————————–
11.30 – 13.00 Program i Folgefonnsenteret og Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga
Inngang kr. 100,-
Audun Hausberg fortel om historien til Galeasen Loyal, som no i september fyller 140 år
Knut E Skåla fortel om Gurine og Gurineprosjektet
Biletspel og omvising i skipsbyggjarmuseet
Inngang til utstillingane i Folgefonnsenteret (ope til kl. 15)
————————–
12.00 – 14.00 For store og små:
Lær deg gode knutar og stikk
Konkurranse: kven slår 5 halvstikk fortast?
Lag di eiga skute
Prøv å padla kajakk
14.00 Overlevering av gåve frå Audun Hausberg til Gurine
14.00 – 16.00 Galeasen Loyal har open båt
14.00 Sjanti ved Håkon Vatle. Bli med og syng!
Song ved «Rustne herrer» om bord i Loyal
13.00 – 16.00 Open dag på vervaplassen til Gurine ved Rosendalstunet
14.00 – 16.00 Sagedag på Vangssago – sjå saga i drift
21.00 Dansegalla i Rosendal samfunnshus med Aristocats
Vi håpar på besøk av fleire skuter denne dagen.
Velkommen til ein maritim dag i Skålafjæro!
https://www.facebook.com/events/1565922910096300/