Forskarkafé: Bobler & Bre

Folgefonna, forsking og framtidsutsikter. Korleis ser eigentleg framtida til Folgefonna ut?

Torsdag 3. november få Folgefonnsenteret to gjestar frå Universitetet i Bergen som begge har forska på Folgefonna. Dei vil halde føredrag om framtida til Folgefonna i auditoriet.

Stipendiat v/Universitetet i Bergen Rebekka Frøystad arbeidar med å modellera korleis Folgefonna vil utvikla seg i framtida og kva dette vil seie for vasskraft i området.

Professor ved Department of Earth Science ved UiB Jostein Bakke kjem etterpå. Han har god kjennskap til Folgefonna gjennom si eiga forsking og publikasjonar.

Det vil vera mogleg å kjøpa forfriskingar i Verven Vaffel. Dørene opnar kl 18:00, billett kr 100,-