Praktisk informasjon Rosendalsveko

Velkomen til Folgefonnsenteret!

Programmet vert i telt på sjøsida av Folgefonnsenteret, oppmøte og registrering her frå klokka 10.30 måndag 10. august.

Me ber alle ha eit godt fokus på smittevern, halde god avstand, ikkje handhilse og ha god handhygiene.
Dersom du har hatt forkjølelsessymptom i dagane før konferansen ber me om at du ikkje deltar fysisk.

Heile programmet vert strømma på Folgefonnsenteret si Facebook-side, her kan ein også sende inn spørsmål via chatten. Strømminga er open for alle, og me ynskjer alle som er interesserte velkomne til å delta.