Vidaregåande skule 

Klassar frå vidaregåande skular er alltid velkomne! Folgefonnsenteret har moglegheit til å tilpasse eit opplegg som rettar seg mot den linja/det faget som passar dykk. Ofte består formidlinga av eit føredrag med avtalt tema, film, ein tur i utstillinga og eventuelt gruppeoppgåver. Trykk på lenka til PDF-fila og sjå forslag på opplegg vi har gjennomført. 

Informasjon til vidaregåande skular

Andre grupper 

Folgefonnsenteret kan skreddarsy eit formidlingsopplegg til di gruppe. Ei gruppe vert definert som fleire enn 15 personar, og bør førehandsbookast. Anten di gruppe kjem reisande med bil, buss eller cruise skal vi finne ei løysing som passer for dåke. I PDF-lenka finn du meir informasjon om bestilling og prisar for sesongen 2026. 

Informasjon til andre grupper