På Åkrafjordtunet finn du den lokale Turistinformasjonen, ein triveleg kafé og butikkar som sel lokale kvalitetsprodukt.

Utstillinga om Folgefonna nasjonalpark inneheld fargerike bilete og forklarande tekstar, byr på ein spennande film og viser variasjonen i lokale bergartar. Her er òg utstilling som fortel om fjordbygdenes tradisjonar og historie, og du får glimt av Eikemostølen fjellgard og fleire gamle gardar som no er fråflytta. Utstillinga om Folgefonna nasjonalpark har særleg fokus på den dramatiske Sandvikedalen som ligg i nærleiken, på Åkrafjorden og på Langfossen falls – som CNN tok med på si liste over verdas ti vakraste fossefall!

Åkrafjorden 9aug15 (12)

 

Velsmakande lokalmat

Butikken på Åkrafjordtunet byr stolt fram prisvinnande spekemat, viltkjøt og lokale spesialitetar. Kvar torsdag står raspeball med saltkjøt og pølser på menyen i kafeen, medan det på sundag er dekt bord med tre rettar baserte på hevdvunne oppskrifter.

I Turistinformasjonen får du brosjyrar og kart, og det kunnskapsrike personalet svarar gjerne på spørsmål om Folgefonna nasjonalpark og andre attraksjonar i området.

Detalj-2791

Aktivitetar i Åkrafjorden

Langfoss opp
Tursti til Jettegrytene i Rullestadjuvet
Bungee jumping ved Trolljuv bru
Aktivitetar hos Åkrafjorden oppleving
Åkrafjordtunet
Eljervik gard
Sauabrehytta

Kontakt:

Åkrafjordtunet

Adresse: Teigland, 5590 Etne
Tlf: 53 77 14 80    Fax: 53 77 14 81   Mob: 916 89 377
E-post: post@akrafjordtunet.no
www.akrafjordtunet.no

Velkommen til Åkrafjorden Landskapspark

Åkrafjorden landskapspark omfattar delar av Etne og Kvinnherad kommunar i Sunnhordland og er rik på natur- og kulturhistorie. Vår største turistattraksjon er mektige Langfoss. På nordsida av fjorden ligg veglause gardar som framleis er i drift, fråflytta småbruk der tida har stått stille og Folgefonna nasjonalpark som strekkjer seg heilt ned til sjøen. På sørsida går nye E134 i tunnelar, medan den gamle europa­vegen klorar seg fram mellom arkeologiske funn og spreidde busetjingar. I enden av fjorden lokkar trolske juv og imponerande jettegryter. Heile området har mektig natur, levande landbruk, lokal mat og gjestfrie folk som ynskjer deg velkomen til Åkrafjorden landskapspark!

Kyrping
Historisk knutepunkt for ferdsla i fjorden, med sjarmerande kvite sjøhus frå 1870-åra.  Inne i vika ligg Kyrping camping, med hytter og vogner til leige. Badestrand, sjøfiske.

Åkra
Vakker kyrkje frå 1735, sommaropen pub/kafè. Smiedalen Gardsferie tilbyr overnatting i det gamle gardshuset, rideleirar og turar med hest.

Teigland
Det nye sentrumet i Åkrafjorden. Tradisjonsrike Lundal spekematfabrikk. Åkrafjordtunet med kafeteria og toalett, daglegvare med gardsmatutsal, leiligheter for overnatting. Base for Åkrafjorden Oppleving med turistinformasjon.

Eintveit – Kvandal
Den gamle skule- og ferdselsåra går gjennom eit variert og spennande kultur­landskap. Unik flora og fauna, styvde tre og gamle bygningar. Bilbrua frå 1962 med ein sti i kvar ende er eit minnesmerke over draumen om veg på nordsida.

Eikemo
Eikemo er einaste plassen med aktiv gards­drift og heilårsbusetnad på den veglause nordsida. Gammal støl med nytt fellesfjøs for geit. Tursti til Bjønndalen med utsikt til Langfoss.

Langfoss
Fossen er med sine 612 meter kåra til ein av verdas ti vakraste fossefall. Rasteplass ved E134 med toalett og kiosk. Bratt fottur til toppen av fossen gir panoramautsikt til Folgefonna.

Eljervik gard
Aktivt gardsbruk med tradisjonar heilt frå til 1600-talet i same slekta. Servering i rustikt kjellarlokale. Fantastisk utsikt til Langfoss. Overnatting i restaurert kårhus eller på stølen ved toppen av Langfoss. Fotoutstilling. RIB-båt for turar med nærkontakt til natur- og hestekrefter.

Fjæra
Tidlegare knutepunkt inst i fjorden. Kapell og skule. Fjæra kunst og handverk sel lokalproduserte varer, m.a. Hardangerlys og heimebakst. Stall Lundal tilbyr aktivitetar med islandshest.

Rullestad
Langs den fossande elva i Rullestadjuvet går det to gamle vegar; postvegen frå 1800-talet og den gamle europavegen. I fjellsida ligg enorme jettegryter. Rullestad Aktiv Fritid driv campingplass og hytte­utleige; nytt serveringsbygg med heime­bakeri, gartneriutsal, fiske.

 

Åkrafjorden Landskapspark

Teigland

5590 Etne
Kontaktperson: Nina Kaltwasser, 5598 Fjæra,
e-post: post@langfoss.com,

Rullestad

Grenda Rullestad ligg ved eit vatn mellom vakre fjell aust for Åkrafjorden. Heile området rundt byr på storslått natur, spennande attraksjonar og varierte aktivitetar. Her finn du òg ulike tilbod om overnatting.

Langfoss

Langfoss er den femte høgaste fossen i Noreg. CNN har han på si liste over verdas ti vakraste fossefall. Det er er lett å komme tett på Langfoss, som ligg i eit flott landskap med Folgefonna nasjonalpark på andre sida av fjorden.

Odda turistinformasjon

Odda ligg inst i Sørfjorden. Ved turistinformasjonen får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.