Livet i Hardangerfjorden 

Bli med inn i den magiske verda under trappa i utstillinga vår. Livet i Hardangerfjorden er mangfaldig, og me skal bli betre kjend med nokre av dei vanlegaste artane. Kvifor har torsken skjegg og kvifor sym makrellen i stim? Kan fiskane kommunisera med kvarandre og kva skjer når dei vert utsette for lydforureining. Saman skal me undra oss, samtale og fargeleggje.

Dyr i Folgefonna nasjonalpark 

Borna vert introduserte for dei tre hjortedyra som finst på Folgefonnhalvøya. Klarer me å skilje dei frå kvarandre ved å sjå på skinnet deira? Kva er forskjellen på ein drøvtyggar og ein kjøtetar? Me utforskar hovudskallar frå hjort og rev. Med bingoark som verktøy, skal me jakte og snike oss inn på dei ulike fuglane og dyra som bur i Folgefonna nasjonalpark (og i utstillinga). 

Artsjakt: Skog 

I skogen kan me utforske dei ulike insekta som bur der, eller studere ulike treslag. Me vil anbefale å velje eitt av tema om gongen. Begge øktene er bygd opp rundt artsjakt, leik og undring. 

Med lupe og håv tuslar me rundt i skogen på jakt etter insekt. Kvar er det lurt å leite? Kor mange bein har eigentleg eit tusenbein? Og kor mange ulike insekt klarer vi å finne?  

Kor mange treslag finn me i løpet av økta? Kva er forskjellen på eit bartre og eit lauvtre? Naturvegleiar har med seg blad og treng hjelp frå borna til å finne treet det kom frå. 

Artsjakt: Fjøra 

I fjøra er det mykje spennande å utforske – slik som tang og tare, skjell eller smådyr i saltvatn. Vi tek med oss håv og tangreiskap, og små behaldarar står klare om me finn noko. Bestemmelsesdukar kan hjelpe oss med å finne ut kva vi har funne.

Naturoppdraget 

Har du ikkje høyrt om Kåre Kråke og Naturoppdraget? Gjennom varierte aktivitetar i nærmiljøet skal born og elevar få oppleve, utforske og lære om naturen på ein aktiv måte. Kåre Kåre rettleier undervegs. Det pedagogiske tilbodet er utarbeidd av Naturfagsenteret, i samarbeid med besøkssentra for natur og verdsarv i  heile Noreg. Klikk på lenka til heimesida og meld på din barnehage!

Naturoppdraget

Utstyr til utlån 

Folgefonnsenteret har ein liten utstyrsbank med undervisningsmateriell til utlån. Utstyret kan bookast direkte hjå naturvegleiar, og lånast etter avtale. Me har fem temakassar med ulikt innhald.  

Kanskje vil du låne eit viltkamera og undersøkje kva dyr som ferdast i nærområde til skulen eller barnehagen? Eller kva med mikroskop, for å studera bladverk, væsker eller insekt? Les meir om innhaldet i temakassane i PDF-fila under.  

Undervisningsmateriell til utlån ved Folgefonnsenteret