Folgefonnsenteret tilbyr gratis undervisningsopplegg for elevar i grunnskulen, i Kvinnherad kommune. Vår formidling er tilpassa Kunnskapsløftet 2020, og er basert på verneformåla til Folgefonna nasjonalpark. Kvart klassetrinn kan velja mellom fleire ulike opplegg.
Bli kjend med dei rare og litt skumle skapningane som har heimen sin i Hardangerfjorden. Kvifor er høyrsla til fiskane så viktig og kva betyr det at fjorden er delt i tre lag? Bli med og jakte på spennande arter i fjøra eller i skogen. Oppdag dei ville dyra i Folgefonna nasjonalpark.


Vi held fram med å utforske dei spennande skapningane både i Hardangerfjorden og i Folgefonna nasjonalpark. I tillegg kan vi oppdage vasskrinslaupet, og følgje vassdropen si ferd frå Mexicogolfen til han fell som snø på Folgefonna. Kvifor har nokre steinar har prikkar, medan andre har striper? Bli med å leike geolog!
Bli kjend med Folgefonna nasjonalpark og landskapsvernområda rundt. Kvifor har vi ein nasjonalpark her vi bur, og korleis kan vi på best mogleg måte ta vare på han? I skogen eller på stranda i Rosendal kan elevane jakte på artar og studere desse. Vi held fram med å fokusere på stein med prikkar og striper, men utvidar med ein felttur i nærområdet.


Kva konsekvensar får menneska sine val om bruk av naturen? Bli kjend med Folgefonna nasjonalpark og landskapsvernområda rundt. Kva for nokre artar bur i vår nærnatur og korleis kan vi på best mogleg måte ta vare på dei? Korleis har landskapet rundt oss blitt skapt, og korleis kan vi kjenne igjen ulike landformer? Bli med på ein felttur i Omshagen.
Folgefonnsenteret har ein liten utstyrsbank med undervisningsmateriell til utlån. Utstyret kan bookast direkte hjå naturvegleiar, og lånast etter avtale. Me har fem temakassar med ulikt innhald.
Kanskje vil du låne eit viltkamera og undersøkje kva dyr som ferdast i nærområde til skulen eller barnehagen? Eller kva med mikroskop, for å studera bladverk, væsker eller insekt? Les meir om innhaldet i temakassane i PDF-fila under.
