Av vatn er det skapt
–  ei reise i det vestnorske landskapet 

Ein film av Terje Tvedt

Her besøkjer han Folgefonnhalvøya med ei gruppe utanlandske studentar og vi får sjå vårt område med nye auge. Vi får også sjå korleis andre verdensdeler må forhalda seg til det viktige vatnet.

 

 

Kronhjort – foto: Ole Jakob Vorraa

Der kronhjorten brøler

Ein film av Ole Jakob Vorraa

Området rundt Folgefonna er kjent for si store hjortestamme og i denne filmen får du oppleva hjorten i brunsttida. Det er ikkje uvanleg å sjå hjort i området rundt Folgefonna, spesielt tidleg om morgonen og i kveldinga.

 

Drama i Berg

Eit biletspel av Randi Storås.

Biletspelet «Drama i berg» fortel den fasinerande soga om korleis Folgefonnhalvøya vart til. Det fortel om kollisjonar mellom kontinent der kjempehøge fjellkjeder blei bygde opp – og sidan slitne ned – gjennom titals millionar av år. Det fortel om krafta i rennande vatn og om rundt 40 istider, som tok tak i dalføra kring halvøya og grov ut det spesielle fjord- og fjellandskapet.

 

Urticina eques – foto: Erling Svendsen

Fjordens Liv

Eit biletspel av Randi Storås.

Filmen tek deg med på ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjot under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.