Her finn du informasjon om forskarkafé, familiedagar og andre aktivitetar på Folgefonnsenteret.
8. og 10. oktober på Folgefonnsenteret
Velkommen til haustferieaktiviteter på Folgefonnsenteret!
Det vert same tema og aktiviteter begge dagar.
• Lag ulike dyr og insekt i naturmateriale
• Lær forskjellen på ulike treslag
• Mikroskopering (sjå på bladverk i mikroskop)
• Lese- og teiknekrok
Aktivitetane og inngong til utstillinga er gratis, men borna må vera i fylgje med ein vaksen.
15. oktober på Folgefonnsenteret
Folgefonnsenteret
Folgefonnsenteret
Professor ved Universitetet i Bergen, Anne Elisabeth Bjune kjem for å fortelja oss korleis klima og bruk påverkar tregrensa. Korleis har skogen og tregrensa endra seg frå tidlegare tider og fram til i dag.
Folgefonnsenteret
Stipendiat ved Geofysisk institutt (UIB), Torunn Sandven Sagen kjem for å fortelja om korleis havet og fjorden heng saman. Kvifor er utskifting av vatn i fjordane viktig for økosystema, og korleis endrar fjorden seg i takt med klima og klimaendringar.
Folgefonnsenteret
Måndag 26. februar kl 11:30 – 13:30. Gratis og ope for alle. Barn må vera i fylgje med ein vaksen.
Folgefonnsenteret
Onsdag 28. februar kl. 11:30-13:30. Gratis og ope for alle. Barn må vere i fylgje med ein vaksen.
Folgefonnsenteret
Folgefonnsenteret
Tysdag 10. oktober og torsdag 12. oktober frå klokka 11.00 – 14.00 invitera vi til haustferieaktivitetar i Folgefonnsenteret. Gratis inngang i utstillinga for familiar med born. Begge dagane legg vi opp til fleire sjølvstyrte aktivitetar, noko som betyr at borna må vera i fylgje med ein vaksen. Verven vaffel er stengt, men det vil vera mogeleg å kjøpe ein kopp kaffi og steike seg ein vaffel.
Folgefonnsenteret har elles vanlege opningstider måndag – fredag i haustferien (10.00 – 15.00).
Folgefonnsenteret
Velkommen til haustens fyrste forskarkafè i Folgefonnsenteret torsdag 21. september! Kjersti Konstali (stipendiat ved Universitetet i Bergen) kjem for å fortelja oss om si doktorgradsavhandling om «atmosfæriske elvar» og korleis desse påverkar oss.
Program for kvelden:
* Kafeen opnar klokka 18.00
* Føredraget startar klokka 19.00
* Program slutt 20.00
Billett kan du kjøpa i døra (100,-). Vi gjer merksam på at vi har plass til 55 personar i auditoriet vårt.
Folgefonnsenteret
Velkommen til soppkontroll og føredrag i Folgefonnsenteret laurdag 16. september!
Start dagen med ein sopptur på eigenhand. Frå klokka 14.00 er Geir Flatabø, soppsakkyndig frå Norges sopp og nyttevekstforening, tilgjengeleg for gjennomgang av det du har funne. Soppkontrollen er gratis og open for alle. Klokka 16.00 kjem Geir Flatabø til å halde eit føredrag om norske matsoppar. Føredraget passar både for deg som er nybegynnar, og for deg som kjenner nokre av dei mest vanlege matsoppane.
Føredraget kostar 100,- pr. person. Påmelding til føredrag på SMS til Sara 936 32 292. Vi gjer merksam på at vi har plass til 55 personar.
Program for dagen:
* 14.00 – 16.00: Soppkontroll; ut å plukk sjølv!
* 16.00 – 17.00: Føredrag om norske matsoppar av Geir Flatabø
Sundal
Velkommen til Geovandring med stipendiat Johannes Hardeng (Universitet i Bergen). Vi startar frå parkeringa i Bondhusdalen kl. 10.45 og ruslar roleg inn til Bondhusvatnet. Undervegs kan vi forventa å læra om ulike landformar danna på slutten av siste istid, og om korleis ulike skredprosessar endrar landskapet over tid. Ved Bondhusvatnet får vi høyre korleis vatnet blei demma opp og korleis sedimentprøvar kan fortelja oss om brevariasjonar på Folgefonna.
Turen varar om lag 3 – 4 timar så det kan vera lurt å ta med ei lita matpakke.
For påmelding send SMS til Sara på tlf. 936 32 292. Det kostar 100,- å delta og betaling skjer med kortterminal på parkeringa før avgang. Hugs at parkeringsavgift (100,-) kjem i tillegg. Køyr gjerne saman med nokon andre eller ta lokalbuss.
Bussavgang frå Rosendal kai kl. 09.55 – ankomst i Sundal kl. 10.35.
Retur med buss frå Sundal kl. 15.55 – ankomst Rosendal kl. 16.32.
Folgefonnsenteret
Velkommen til utstillingsopning og geoseminar i Folgefonnsenteret!
For mange år sidan vart det kjøpt inn ei stor mineralsamling for «nasjonalparksenteret» i Rosendal. Noko av materiale er allereie utstilt i Folgefonnsenteret, medan resten no skal lyftast fram i lyset igjen. Mineralutstillinga blir ståande framme til midten av mai, før vi skal planleggja for ei permanent løysing. I samband med utstillingsopning blir det halde eit geologiseminar i samarbeid med Brynjar Stautland, dagleg leiar i Geopark Sunnhordland.
Program for kvelden:
• Opning av mineralutstilling
• «Geopark Sunnhordland og UNESCO-status» ved dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland.
• Føredrag om «Vårt istidslandskap» ved professor emeritus, John Inge Svendsen, Institutt for Geovitenskap (UIB).
• «Vokte sjøen – forsvare landet. Vetar og forsvarsordningar i Hardanger i viktingtida og tidleg middelalder» ved førsteamanuensis i arkeologi, Marie Kjærnet Ødegaard (UIS).
• Det blir lagt opp til pausar undervegs og mogelegheit for å handle i Verven vaffel.
OBS! Vi treng førehandspåmelding til arrangementet då det er begrensa med plassar. For å tinga plass kan du kjøpe billett i Kvinnherad turistinformasjon eller ved å melda deg på til Sara på SMS 936 32 292. Det kostar 150,- å delta.
Velkomen til opning av husmorutstilling i Folgefonnsenteret 27. februar!
Utstillinga vert ståande heile vinterferien, og er gratis og open for alle. Vanleg inngangsbillett for utstillinga på Folgefonnsenteret.
Vi stiller ut kjøkkenreiskapar, klede og andre gjenstander frå samlinga i Guddalshuset. Det vert servering i Verven Vaffel, musikk og aktivitetar for dei minste måndag 27. februar kl 13:00. Innlegg ved Sussi Bodin, Astrid Måkestad, Karin Thauland og Aslaug Eik.
Utstillinga vert ståande heile vinterferien, og er gratis og open for alle. Vanleg inngangsbillett for utstillinga på Folgefonnsenteret.
Velkommen til familiedag i Folgefonnsenteret tysdag 28. februar. Dagens tema er «blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar». Vi legg opp til fleire sjølvstyrte aktivitetar som passar for born i alle aldrar. Borna må vera i fylgje med ein vaksen. Opplegget er gratis for alle og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og lappar i Verven vaffel.
Program for dagen
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime.
• Lær om blekksprut, sjøstjerner og kråkebollar.
• Les, teikn og fargelegg i teiknekroken vår.
• Lag ein tova blekksprut.
• Matteoppgåver, sudoku og bingo med tema «dyr i havet».
Laurdag 4. mars får vi besøk av Signe frå KraftLaben i Odda.
Signe har med seg fleire kule forsøk om vatn vi skal få bryne oss på. Forsøka er i stor grad sjølvstyrte, noko som betyr at borna må ha fylgje med ein vaksen. Inngang i utstillinga er gratis og det vil vera mogeleg å kjøpe kaffi og noko søtt å bita i.
Program
• Sjå filmen «Fjordens liv» kvar halvtime
• Gjennomfør ulike forsøk med Signe frå KraftLaben
• Løys rebus om «vatnet sitt kretsløp» i utstillinga vår
• Enkel fiskedam for dei minste
• Teikne- og lesekrok