Vi søkjer dagleg leiar!

Leitar du etter ein spennande og utfordrande stilling?
No er det ein unik moglegheit i vakre Rosendal!

Folgefonnsenteret er ein ideell, sjølveigande institusjon som er skipa av kommunane på Folgefonnhalvøya, (Jondal, Ullensvang, Odda, Etne, Kvinnherad) og Universitetet i Bergen. Senteret er fagleg forankra i Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret /UiB og Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna.

Føremålet med stiftinga er å driva formidling knytt til vernemotiva for Folgefonna nasjonalpark og forskingsbasert formidling knytt til klima og bre samt marinøkologi i Hardangerfjorden og på kysten. Sentralt i formidlinga står vatnet sin syklus, berekraftig samfunnsutvikling, læring og lokal næringsutvikling.

 

Dagleg leiar for Folgefonnsenteret

 

Vi søkjer etter ein dagleg leiar til å drifte og vidareutvikle senteret. Senteret driv forskingsbasert kunnskapsformidling kring tema knytt til Folgefonna, landskapet og fjordsystema kring Folgefonnhalvøya. Senteret driv og besøksretta informasjon om Folgefonna nasjonalpark. Dagleg leiar skal omsetja måla til senteret til praktisk handling, og ivareta den daglege drifta. Vi vil leggja stor vekt på personlege kvalifikasjonar og erfaring frå liknande arbeid.

 

Arbeidsoppgåver:

Dagleg leiar:

  • er ansvarleg for den daglege drifta av senteret
  • byggjer aktivitet rundt senteret, t.d. møter, konferansar og formidling
  • held god kontakt med stiftarane og fagmiljøa som er kopla opp mot senteret
  • har personalansvar; for tida ein prosjektmedarbeidar
  • utarbeidar planar for og gjennomfører aktiv marknadsføring
  • har ein vertskapsrolle og gjennomfører omsyningar
  • har ansvar for økonomi og rekneskapsoppfølging
  • førebur saker til styret
  • driftar Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna

 

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein person:

  • med høgskule-/universitetsutdanning
  • med interesse for og erfaring frå eit eller fleire av senteret sine tema, inkludert reiseliv
  • med sals- og marknadsføringskompetanse
  • med eit stort engasjement og sterk motivasjon
  • som er ein «iverksetjar» med god økonomisk forståing
  • som er ein god relasjonsbyggjar; tillitsvekkjande, diplomatisk og sterk på samarbeid
  • som har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk
  • som har god regional og nasjonal forståing og kan tenkja internasjonalt

 

Vi tilbyr:

  • ei sjølvstendig, spennande og utfordrande stilling
  • 100 % stillingsstorleik
  • samlokalisering i eit mangfaldig fagmiljø i senteret
  • løn etter avtale

 

Informasjon:

Styreleiar Hans Inge Myrvold, tlf. 480 25 277 eller seksjonsleiar kultur, næring og utvikling i Kvinnherad kommune Anbjørn Høivik, tlf. 917 05 737/53 48 31 00

 

Slik søker du stillinga:

Kvinnherad kommune bistår Folgefonnsenteret med gjennomføring av søknadsprosessen. Stillinga er publisert på nettportalen https://jobb.kvinnherad.kommune.no og søknad skal sendast elektronisk frå portalen.

I samband med val av kandidatar til intervju kan det verte stilt krav om ei praktisk oppgåve.

Søknadsfrist er 27.01.2020