Pilegrimane gjekk over fjellet frå Jondal og til Sørfjorden på ferda til det undergjerande krusifikset i Røldal kyrkje. Segna seier at krusifikset vart funne av ein blind fiskar som tørkar sveitten av panna og fekk synet attende.

Truleg frå 1200-talet  – dokumentert frå 1592 – og fram til 1941 vart det ført kyr og hestar på Buførevegen over fjellet til dei gode beita ved Botsvatn. Der vart det støla om somrane fram til 1958. Stølshusa er no til fritidsbruk.

Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande innanfor Folgefonna Nasjonalpark i Reiseterlia, og begge stiane er automatisk freda kulturminne. Pilegrimsvegen er merka; i Reiseterlia er stien steinsett og det er varda frå Reiseteregget over fjellet til høgda over Botsvatn. Steinsetjinga av stien og vardinga er utført av dyktige sherpaer frå Nepal.

Det ligg vel til rette for fine turar frå Reiseter (300 moh.) opp lia til Egget (1187 moh.) og kanskje vidare over til Botsvatn – i alt 19 km med høgaste punkt ca. 1422 moh. Vandring i vakker natur, i strålande utsikt og på ein godt tilrettelagt sti ventar på deg. Ver merksam på at turen frå Reiseteregget over fjellet til Botsvatn (667moh) er krevjande i dårleg ver. Jondal Sokneråd skipar årlege pilegrimsvandringar frå Krossdalen i Jondal over til Reiseter

HER TEK VI HISTORISK TEKST og så dei praktiske turskildringane i dei neste rutene.

Buførevegen mellom Reisæter og Botsvatn

Gamalt bilete frå Buførevegen mellom Reisæter og Botsvatn

Buførevegen-Pilegrimsvegen frå Reisæter

Her finn du informasjon om stien opp frå Reisæter, inn til stidelet med Pilegrimsvegen og Buførevegen og vidare over høgfjellet og ned til Botsvatn

Buførevegen frå Botsvatn

Her finn du informasjon om turen opp frå stølsområdet ved Botsvatn, til Jonstein og vidare over høgfjellet til punktet der Pilegrimsvegen og Buførevegen går på same trase ned til Reisæter

Pilegrimsvegen frå øvre Krossdalen

Her finn du informasjon om Pilegrimsvegen med startpunkt i Øvre Krossdalen

Aktivitetar

Buførevegen
Pilegrimsvegen
Skredløypa mellom Reisæter og Aga
Vikebygd landskapspark

Agatunet

Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark, men òg ein fascinerande attraksjon i seg sjølv – det er få slike klyngetun igjen i Noreg. Denne innfallsporten ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Ein viktig innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Jondal nasjonalparklandsby, ei sjarmerande fjordbygd vest for nasjonalparken. Jondal har god grunn til å skryta av nydelege gamle trehus og lange båtbyggjartradisjonar. Her finn du òg informasjonssenteret Juklafjord.

BESbswy