Folgefonnsenteret
Skålafjæro 17
5470 Rosendal
Tlf.: +47 53 48 42 80
Epost: post@folgefonnsenteret.no
Organisasjonsnummer: 917 485 798
Postadresse:
Postboks 119
5486 Rosendal
Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.
Breen og nærområdet byr på unike innblikk i kva som gjekk føre seg den gongen innlandsisen dekte store delar av Skandinavia, då brearmane grov ut fjordane og dalane som gjer vestlandsnaturen så vidgjeten.
Fire landskapsvernområde har grense til nasjonalparken: Bondhusdalen, Buer, Ænesdalen og Hattebergsdalen.
Folgefonna består av tre større brear: Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. I tillegg kjem mange små, som saman med dei tre store dekkjer eit område på 207 km2. Målingane viser at breen er nesten 400 meter på det tjukkaste, og på det høgste punktet fell det i snitt 5500 mm nedbør kvart år.
Som brøddeig på ei ujamn flate, søkjer breen mot lågare grunn – brearmar sig sakte nedover i dalane. Der terrenget er brattast, dannar det seg isfall. Bondhusbrea er eit slikt dramatisk brefall – synet gløymer du aldri!
Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark er ein del av Folgefonnsenteret i Rosendal. Senteret opna på ny i nytt hus mai 2017 med ny felles utstilling saman med Bjerknessenteret for klimaforsking og Havforskingsinstituttet.
Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna er ein del av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal.
Senteret opna i nytt hus mai 2017 med ny felles utstilling saman med Bjerknessenteret for klimaforsking og Havforskingsinstituttet.
Utstillinga fortel spennande historiar frå naturen og nasjonalparken.
Velkommen!
Tema i utstillinga:
er eit av 15 autoriserte besøkssenter i Norge. Miljødirektoratet autoriserer besøkssenter for nasjonalparkar, rovdyr, villrein og våtmark.
Folgefonna nasjonalpark er ein av Noreg sine 44 nasjonalparkar.
I Noregs nasjonalparkar er det naturen sine lover som gjeld. Vi opprettar nasjonalparkar for å ta vare på store naturområde – frå hav til fjell. For oss, for komande generasjoner og for naturen si eiga skuld. Noreg sine 44 nasjonalparker, 37 på fastlandet og sju på Svalbard, byr på eit mangfald av moglegheiter og opplevingar.
Ved å tolka berggrunn og landskap, kan geologane teikna ei historie som strekkjer seg meir enn 1,5 milliardar år attende i tid. Fjellgrunnen i det som i dag er Folgefonnhalvøya, har vore råka av brutale og skiftande geologiske krefter. Sediment som gjennom ulike tidsbolkar bygde seg opp på havbotnen, vart før eller seinare presse ned i djupet der dei ved høgt trykk og høge temperaturar vart omdanna til metamorfe bergartar. Jordskorpeplater kolliderte og pressa nye høge fjellkjeder og platå mot himmelen.
Utløparar frå den massive innlandsisen som dekte store delar av Skandinavia, grov ut fjordane og dalføra vi ser i dag – men det tok over 40 istider og 2,7 millionar år. Geologisk sett er vestlandsfjordane for svært unge å rekna. I vår mellomistid går landskapsforminga seinare. Raskast går det der brear som framleis er i rørsle, sakte men sikkert sliper seg djupare ned i fjellet. Frostforvitringa er elles ein viktig faktor og er mest effektiv når temperaturen svingar rundt nullpunktet. Vatn som renn inn i sprekker i fjellet, utvidar seg når det frys og sprengjer laus steinar og blokker. Elvane bidreg òg, med grus og stein som slipemateriale.
Nasjonalparksenteret og Steinparken i Rosendal byr på ny kunnskap. Her kan du læra korleis du sjølv kan lese teikna i landskapet som avdekkjer Folgefonna si historie.
Ei stor oppleving er å følgja Geostien, frå Nordrepollen inst i Maurangerfjorden opp til Botnabreen. På vegen er det mykje spennande å sjå, og det er sett opp informasjonstavler med opplysningar om geologi, flora og fauna.
Mellom Folgefonna og fjordane finn vi mange ulike økosystem, kvart av dei med sitt dyreliv. Den isdekte vidda på breen, skuggefulle dalføre og lune vikar ved fjorden stiller ulike krav til skapningane som held til der. Når du vandrar frå habitat til habitat, vil du sjå variasjonane i faunaen. Hjorten er talrik i skogane og dalane på Folgefonnhalvøya. Her finst også mår, eit fascinerande lite rovdyr. Han jaktar mest i skumringa og om natta, og unngår helst ope terreng for ikkje å risikera sjølv å bli byttedyr for rev og kongeørn.
Regionen byr på eit variert fugleliv – så sørg for å ta med både kikkert og kamera med godt teleobjektiv. Høgt til fjells er rype og heipiplerke vanlege; snøsporven finst også her oppe. Kan hende får du sjå orrfugl, røy og tiur i skogane i låglandet.
Steinras riv stundom bort skog i bratte vestlandslier. Når du høyrer trommekvervlar, er det som oftast kvitryggspetten som markerer territorium. Denne hakkespettarten er heilt avhengig av daud og døyande ved og er svært sjeldan elles i Europa. I dei bratte fjordliene finst det rikeleg med rotnande tre der han kan hakka fram feite billelarver.
Er du heldig, får du sjå fossekallen stupa ned i elvestryk etter mat. Ikkje rart at vi valde denne djerve småfuglen som nasjonalfugl. I same terrenget trivst òg vintererla. Ho hekkar gjerne i steinklipper ved fossefall.
Gauken er ein fugl som nesten alle har høyrt, men som få av oss har sett. Også bokfinken er lett å kjenna att på songstrofa: korte kraftige tonar som kjem fortare og fortare i dalande tonehøgd og blir avslutta med eit markant etterslag. Men det er nok måltrasten og svarttrasten som er dei mest melodiske songarane i desse traktene.
Du vil bli overraska over kor mykje vegetasjonen i og rundt Folgefonna nasjonalpark varierer frå stad til stad. Her er mange ulike mikroklima – sjølv over korte avstandar kan temperatur, nedbør og vind variera sterkt. Dei fjellrike delane av halvøya, der grunnfjellet for det meste er surt, er dominerte av nokre få hardføre artar: musøyre, røsslyng, rabbesiv og fjellbjørk. Nær kanten av breen veks snøull, moselyng og jøkelstorr, plantar som er godt eigna til å tola mykje snø og ekstreme temperaturar.
Ved første augesyn kan dei høgaste toppane synast nakne og livlause, men sjå nøyare etter, og du vil oppdaga flekker med lav. Blant dei mest iaugefallande er dei gulgrøne kartlava, som på kalkfattige bergartar kan veksa i slike mengder at heile fjellet blir farga gulgrønt! Bli ikkje overraska om du ovanfor steinurene ser at fjellsmelle, svarttopp, stjernesildre og bergfrue held eit fast grep i nesten loddrette bergvegger.
Skjeggesnuten og Sauanuten er to fjell med kalkhaldig berggrunn og dermed botaniske oasar med ein rik fjellflora. I fuktige dalføre med høg nedbør vest for Folgefonna, ved fossefall og ved bekker som fører smeltevatn ned frå snø og bre, veks det gjerne mykje bregnar.
Nede ved fjorden og i fuktige skogområde vest for Folgefonna er vegetasjonen ganske frodig. Typiske kystnære plantar er revebjølle, rome, klokkelyng, hinnebregne, smørtelg, bjørnekam og storfrytle – i dette tempererte området veks dei heilt opp mot skoggrensa.
Arkeologane har avduka mange lag av historie i jordsmonnet på Folgefonnhalvøya. Pilspissar av flint og oske etter gamle leirbål viser at dei første hardingane jakta her for ti tusen år sidan, medan ismassivet som dekte mykje av Skandinavia var i ferd med å trekkja seg attende.
Midt i Herand, ei fjordbygd på nordsida av halvøya, er det forhistoriske helleristningar med solsymbol og båtar. Fjorden var ferdslevegen frå dei første menneska kom til Vestlandet.
Mange av gardane vart etablerte lenge før vikingtida. Agatunettilhøyrde eit bondesamfunn der samarbeid stod vesentleg meir sentralt enn i dag. I klyngetunet ligg våningshusa og andre bygningar tett i tett. Visste du forresten at det var cisterciensermunkar på 1100-talet som kom med dei første eplefrøa til Hardanger? Fruktbar jord, lange sommardagar og tilnærma økologisk jordbruk forklarer kvifor vår lokale frukt er så velsmakande – saftig, søt og akkurat passe syrleg, med masse kompleks aroma!
Om hausten får du kjøpt frukt og bær frå buer langs vegen. Den lokale kulturen er så ærleg at dersom bua er ubemanna, er det berre å forsyna seg og leggja betalinga i skåla.
Hardanger er kjent for meisterleg båtbyggjarkunst. Forma på einskilde båttypar er så godt som uendra sidan vikingtida – du kan ikkje forbetra det fullkomne! Den gamle oppgangssaga på Herand er framleis i drift.
På naust og hus er skifer brukt til taktekking. Sidan uminnelege tider har skiferen vorte henta ut or steinbrot her.
Det er eit godt nettverk av merkte stiar i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring. Nokre av dei er gamle ferdslevegar, som Keisarstien (ifølgje reklamen skal Keisar Wilhelm II ha gått tur her) og Isvegen. Denne vegen vart brukt til å frakta is frå breen med hest og kjerre ned til Skiparvika, og derifrå vart isen send med båt til kundar i kystnære byar og bygder, før kjøleskapet si tid. Andre stiar vart brukte av bønder til å driva husdyr til og frå sommarbeite. Atter andre stiar er laga av friluftsentusiastar i Den Norske Turistforening – eit sikkert teikn på at du har storslått utsikt i vente, og flotte naturopplevingar på vegen dit!