Besøkssenter for Folgefonna nasjonalpark
Her finn du også informasjon om Folgefonna nasjonalpark, aktivitetar og turar i nasjonalparken, innfallsportar og besøksmål rundt Folgefonnhalvøya.

Skaalurensamlinga
Folgefonnsenteret har felles billett med Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga, slik at du også kan oppleve historia om trebåtbygginga i området som var på topp frå 1850 – 1950 under besøket. Du kan også få med deg informasjon om dagens maritime næringar i området ved inngangen til museet.

Organisering
Folgefonnsenteret er ein ideell, sjølveigande institusjon som er skipa av kommunane på Folgefonnhalvøya, (Ullensvang,  Etne Kvinnherad) og Universitetet i Bergen. Føremålet med stiftinga er å driva Folgefonnsenteret som eit senter for forskingsbasert kunnskapsformidling kring tema knytt til Folgefonna, landskapet og fjordsystema kring Folgefonnhalvøya. Senteret er fagleg forankra i Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret /UiB og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark.

Dagleg leiar:
Una Kolle
tlf: 991 55 425
epost

Fagleiar natur: 
Sara Nonås Langhelle
tlf: 936 32 292
epost

Styret for Stiftinga Folgefonnsenteret:
Thea Vaage – Kvinnherad – styreleiar
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim – Etne
Finn Kristoffersen – Ullensvang
Atle Rotevatn – Universitetet i Bergen
Geir Lasse Taranger – Havforskningsinstituttet
Ingvard Havnen – Kvinnherad Kommune
Mariann Sydnes – ressursgruppe Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark