NB. NB! TUREN ER UTSETT! PLANTELIVET I BLÅDALEN – tur 19. august med Anders Lundberg

VERMELDINGANE FOR HELGA ER USIKRE OG VI UTSET DERFOR TUREN TIL BLÅDALEN. FØLG MED HER FOR NY DATO!

PLANTELIVET I BLÅDALEN - tur 19. august med Anders Lundberg
Tema for turen er fjellplanter og korleis dei har tilpassa seg livet i den alpine sona. Fjellplantene møter heilt andre livsvilkår enn planter i låglandet, og dei har utvikla ei rekkje tilpassingar for å møte dei tøffe tilhøva i fjellet.

Vekstsesongen er kort, og i løpet av den korte sesongen må dei gjennomføre alt det dei treng for at arten skal overleve på sikt: blomstring, pollinering, frøsetting, frømodning, frøspreiing og spiring. Plantene i låglandet har gjerne eit halvt år på dette, men i fjellet er det ikkje mogeleg. Korleis har fjellplantene løyst dette problemet? Det får me svar på i løpet av turen.

Meir info finn du her: https://www.facebook.com/events/634627196928662/

Velkommen på tur